Bruksanvisning
Aure på 300-500 g er fin størrelse. Ta ut blodranda og vask fisken godt med ein gong han er fiska. Han må ikkje koma i kontakt med jord.
Slik legg du fisken: Skyl fisken, men tørk han ikkje. Ein kan ta av hovudet eller la det vera på. Veg fisken og bruk ca 5 % salt av fiskevekta. Bruk grovsalt.
Til 10 kg fisk 2 ts sukker. Bland sukkeret med ca 1/3 av saltet og gni dette i buken på fisken. Gni resten av saltet utapå fisken og strø det mellom laga. Legg fisken omskjerves tett i tett med buken opp i eit høveleg kar.
Legg eit lokk på fisken og lett press, 3-4 kg, oppå lokket. Ein reinvaska, og helst kokt stein er mykje brukt.
Dekk til med eit reint klede. Pass elles på at alt du brukar er reint. La butten stå ved 10-15 grader. Etter eit døgn ved denne temperaturen har det danna seg lake i butten. Hell på meir dersom det trengst. Laken bør stå godt over fisken. Set på butten i kjølerom eller kjellar. Høveleg temperatur er 6 grader.
Kontroller av og til om laken står over fisken. Etter 8-10 veker er rakfisken ferdig.